Kaldast i Rogaland

Var du redd for at det var så kaldt at nasen skulle ramla av deg i kulda måndag morgon? Då var du ikkje åleine. Men kulda i Grannar-distriktet var ifølgje dei offisielle målingane ikkje verre enn ein moderat vinter. Kaldast var det i Vats kor vêrvarslinga sin målestasjon viste 10,6 kuldegradar. Det var faktisk kaldast i heile Rogaland fylke på morgonkvisten. Etne var hakk i hæl med 10,4 friske minusgradar. Det var elles eit godt stykke att til den kaldaste dagen i 2016, som var 21. januar. Då vart det målt 17,7 minusgradar i Vats og 16, 8 kuldegradar i Etne viser vêrstatistikken.