Statens vegvesen finn mange feil på sine kontrollar av tunge køyretøy på Vestlandet. Her frå ein kontroll i Vats.
Foto: Statens vegvesen
Statens vegvesen finn mange feil på sine kontrollar av tunge køyretøy på Vestlandet. Her frå ein kontroll i Vats. Foto: Statens vegvesen

Nedslåande resultat

Det florerte med feil og manglar då Statens vegvesen sjekka tunge køyretøy som passerte Vats på E134. — Eit nedslåande resultat som gjer at det er behov for fleire kontrollar, er dommen frå Statens vegvesen. I løpet av dryge sju timar torsdag ettermiddag og kveld, blei 22 køyretøy kontrollerte ved Eikelandsmyrane. Resultatet var skriftleg manglar til sjåførane av åtte køyretøy. Tre av køyretøya fekk bruksforbud og måtte utbetra manglar før dei kunne køyra vidare. Tre blei anmeldt for blant anna brot på køyre- og kviletida, medan ein fjerde mangla yrkessjåførdokument.