Prisnominert: Butikken og turistinformasjonen til Unni Marie Lien er blitt eit landemerke ved E134. 
Foto: Jon Edvardsen
Prisnominert: Butikken og turistinformasjonen til Unni Marie Lien er blitt eit landemerke ved E134. Foto: Jon Edvardsen

Nominert til pris

Rogaland fylkeskommunes reiselivspris skal delast ut på Reiselivskonferansen i Rogaland 9. mars, og er eit samarbeid med Serviceforum ved Hotellhøgskolen og deira årlege konferanse på Clarion Hotell Air, på Sola. Denne prisen blir delt ut på grunnlag av innsats for reiselivet i Rogaland, vinnarane kan berre vinna éin gong, og det blir lagt stor vekt på betydinga av vinnaren sin innsats for heile eller større deler av fylket. Både for fylket sine innbyggjarar og tilreisande. Vinnaren blir kåra av fylkesutvalet og blant dei ti kandidatane finn ein mellom anna Unni Marie Lien, frå Lien rosemaling i Ølen.