Frokedal_Kvelertak copy

Nominert til Spellemannsprisen

Torsdag blei namna på dei nominerte til årets Spellemannspris annonsert og i kategoriane Indie og Rock, finn ein lokale namn som Frøkedal og Kvelertak.

Anne Lise Frøkedal lanserte i slutten av februar i fjor si aller første soloplate, Hold on dreamer. Og med dette trilla fleire av dei store riksavisene femmarar på terningane sine, og kritikarane var einige om at den utflytte etnejenta takla overgangen til solokarrieren svært godt. Når Spellemann 2016 går av stabelen i Oslo, laurdag 28. Januar, er Frøkedal nominert i kategorien Indie i saman med Hilma Nikolaisen med albumet Puzzler, Jenny Hval med Blood Bitch, The Switch med The Switch Album og Vilde Tuv med albumet D’ Meg.

Spellemannsprisen blir i år arrangert med to eventar, ein på Sentralen og ein på Sentrum Scene og begge blir sendt direkte i NRK sine kanalar.

Eksperimentell plate

I kategorien Rock er gruppa Kvelertak nominert med albumet Nattesferd som kom ut i fjor mai. Frontfigur i bandet er Erlend Hjelvik frå Vikedal og med seg har han etnebuen Bjarte Lund Rolland, samt Maciek Ofstad, Vidar Landa, Marvin Nygaard og Kjetil Gjermundrød. Nattesferd var ei meir eksperimentell plate enn dei to tidlegare platene Kvelertak hadde gitt ut, og bandet var førebudd på skepsis hos kritikarane då dei lanserte plata. Men kvar einaste kritikarar som trilla terning til plata, landa på fem prikkar og Hjelvik uttala den gong at han synest det var både fantastisk og uventa. No ventar kanskje ein ny Spellemannspris, og saman med Kvelertak i kategorien for Rock finn ein Death By Unga Bunga med Pineapple Pizza, Hjerteslag med Vannmann86, Tusmørke med Ført bak lyset og Årabrot med The Gospel.