Årets nyttårsbarn på Haugalandet er frå Ølen, melder H-nytt. Klokka 09.21 første nyttårsdag kom Sivert Eikjeland Sørheim til verda på Haugesund sjukehus. Ein plugg på 52 centimeter som vog 4.442 kilo. Nybakt mor er Hanne Eikjeland som hadde termin 21. desember og som måtte 11 dagar på overtid før årets nyttårsbarn ville ut i verda.