Det har vore ei roleg nyttårsfeiring i Grannar-distriktet på politifronten.
Litt meir var det å henge fingrane i i ytre del av politidistriktet, spesielt i Haugesund sentrum.
Operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt melder likevel at talet på personar i arresten er litt lågare enn gjennomsnittet for dei siste 15 åra. I alt åtte personar måtte overnatte i politiet sin varetekt.
I tillegg til oppdrag som vart meldt inn, var politiet også ute for å sjekke bruk av fyrverkeri, og avslutta ein del festar på grunn av støy.
Operasjonssentralen melder også at ingen vart alvorleg skadde i feiringa av overgangen til 2017.