Her er kandidatane til Årets namn 2016 i Grannar som lesarane kan stemme fram. 1. Gunn Vikingstad. 2. Nils Åsheim. 3. Jimmy Næs. 4. Kristoffer Haraldseid. 5. Audhild Furseth. 6. Therese Nesheim.
Her er kandidatane til Årets namn 2016 i Grannar som lesarane kan stemme fram. 1. Gunn Vikingstad. 2. Nils Åsheim. 3. Jimmy Næs. 4. Kristoffer Haraldseid. 5. Audhild Furseth. 6. Therese Nesheim.

Stem på årets namn

No kan du vere med på å stemme fram årets namn i Grannar. Det skjer via e-post eller gjennom kupong i papirutgåva.

Etter at lesarane har lansert sine kandidatar er det seks som er med i den endelege kåringa av Årets namn 2016. I løpet av dei to neste vekene er sjansen til å stemme på den kandidaten du vil ha fram.

I fjor var det Arne Gunnar Habbestad frå Ølensvåg som vart Årets namn først og fremst for den frivillige innsatsen han legg ned i lokalsamfunnet og for Ølen idrettslag.

Også blant årets kandidatar er det innsats for fellesskapet som er grunngivinga for dei aller fleste sitt kandidatur.

Det er ellevte gongen Grannar ved hjelp av lesarane gir ein ekstra honnør til ein person har utmerkt seg eller gjort ein spesiell innsats.

To måtar

I år er det to måtar lesarane kan stemme på: anten med e-post til post@grannar.no eller ved å sende inn kupongen som blir presentert i papirutgåva.

Frå og med i dag av varer avstemminga i to veker framover.

Her er kandidatane til Årets namn 2017:

 Gunn Vikingstad : Har gjennom mange år tatt eit tak med dugnad og frivillig arbeid i Vikebygd, spesielt for bygdehuset som er ein av hjørnesteinane. Vikingstad står også bak nye initiativ, som strandloppene. Ho er også deltakar og støttespelar i musikkorpset der ho bidrar med kvalitet og lang erfaring. I 2016 tok ho eit uventa val med å overta daglegvarebutikken i bygda. Den er bygda si daglege blodpumpe og kjøpmannen har ei viktig rolle i lokalsamfunnet.

Nils Åsheim: Den tidlegare slakterisjefen i Sandeid har etter han vart pensjonist og slo seg ned i Skånevik, vore med på å fiffe opp sentrum i bygda. I mange år har han passa på at sentrum er velstelt. Det har han gjort gjennom å plante og vatne blomster, klipt plen ved hotellet, plukka boss og passa på at det som ikkje høyrer til i gatebildet, blir fjerna.

Jimmy Næs: Det er blitt sving på frivilligsentralen i Etne etter at Jimmy Næs overtok ansvaret, er inntrykket fleire sit igjen med. — Han er ein fantastisk person for oss som er engasjert i sentralen, er ein av formuleringane bak lanseringa av kandidaturet. I tillegg til godt arbeid og mange initiativ, blir han også sett på som ein inkluderande og omtenksam person. Han gleder også mange som visesongar i fleire samanhengar.

Kristoffer Haraldseid: Den 22 år gamle spelaren frå Vats har markert seg stort på fotballbanen for FKH Haugesund og ungdomslandslaget i år. Det er også lagt merke til av Haugesund kommune som gir han idrettsprisen 2017. Grunngivinga var mellom anna at vatsbuen har jobba hardt og målretta gjennom mange år, og for å ha eit stort treningstalent og stå-på-vilje som gav han eit gjennombrot i årets tippeliga og med det norske flagget på brystet. Han har også vore i media sitt søkjelys fordi han er på jakt etter større oppgåver på fotballbanen. Men utfallet er enno ikkje kjent.

Audhild Furseth: Er eit ja-menneske frå Sandeid som er svært opptatt av det som skjer i bygda og at det skal sjå fint ut i sentrum. Ho står bak pyntinga med blomster kvar vår, og vatning og stell av blomster og bed utover våren og sommaren. Ho stiller elles opp på dugnader og er drivkrafta bak dametrimmen. Furseth har også hatt ei rekkje tillitsverv i idrettslaget og hadde ei sentral rolle i etableringa av tusenårsstaden ved dåverande rådhus i Sandeid, pluss badeplass i bygda.

Therese Nesheim: Ein engasjert person som er opptatt av bygda si Skjold. Ho har vore leiar i UL Skjoldafjord i mange år, og har engasjert seg sterkt i både revy og teater. Det endar som oftast med braksuksess, og er store satsingar som krev mykje av både skodespelarar og scenografar. Her kan ein nemne Grease, Annie og Footloose som har imponert mange. Ho er blant dei som evnar å finne fram til gode talent på scena på Vikaneset i Skjold. Ho er ein sentral person blant mange som bidrar for å få dette til.