3. januar i år hamna desse to bilane i grøfta i Fjæra med få minuttars mellomrom.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
3. januar i år hamna desse to bilane i grøfta i Fjæra med få minuttars mellomrom. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 1 av 3
Bilberging i Fjæra etter to utforkøyringa på glatta.
Foto: Torstein Nymoen
Bilberging i Fjæra etter to utforkøyringa på glatta. Foto: Torstein NymoenBilde 2 av 3
Både ambulanse og politi har rykt ut til trafikkulykkene i Fjæra som har ført til store trafikale problem.
Foto: Privat
Både ambulanse og politi har rykt ut til trafikkulykkene i Fjæra som har ført til store trafikale problem. Foto: PrivatBilde 3 av 3

To ulykker på same stad

Ein bil i fjellvegg, ein annan i grøfta på E134 i Fjæra.

Naudetatane var klokka 12.40 tysdag på veg til Åkrafjorden etter melding om to trafikkulykker på E134 ved Fjæra.

— Det skal vere snakk om to hendingar, uavhengige av kvarandre, fortel operasjonsleiar Jan Magne Østebøvk ved Sør-Vest politidistrikt til Grannar.

Ein bil skal ha treft fjell, ein annen har køyrd i grøfta.

— Førarane er ute av bilane, ukjend skadeomfang, seier Østebøvik.

Etter det Grannar kjenner til, har det gått rimeleg bra med dei involverte personane.

Både Fjæratunnelen og Eljarvikvegen var stengt i etterkant av  ulykkene, men opna igjen etter ein vel halvtime for passering med følgjebil.

Bilberging i Fjæra etter to utforkøyringa på glatta.
Foto: Torstein Nymoen

Siste:

Utforkøyringane skjedde omlag på same stad, like på austsida av Fjæratunnelen. Ifylgje politiet var det mykje snø i vegen, ved krysset inn til Fjæra. Det hadde vore eit krafttig snøfall i bygda på føremiddagen.

Båe bilane kom frå vest, første ein blå personbil og deretter ei kvit varevogn. Sjåførane som var åleine i bilane, blei frakta til sjukehus i Haugesund med ambulanse. Båe klaga på smerter i brystet.

Kl 14.25 var den siste av dei to bilane fjerna frå grøfta og trafikken kunne gå normalt igjen.