Ingrid Lunde jubla over sigeren i NM i volleyball.
Foto: Kristian Monsen/FotoMons
Ingrid Lunde jubla over sigeren i NM i volleyball. Foto: Kristian Monsen/FotoMons

Vann NM i volleyball

Ingrid Lunde kåra til beste spelar.

Ingrid Lunde (25) frå Ølensvåg kan smykka seg med tittelen norgesmeister etter at Oslo Volley slo Randaberg VBK under norgesmeisterskapet i volleyball i Oslo på laurdag. Lunde vart også kåra til den beste spelaren under turneringa. — Det var heilt konge å vinna og å slå Randaberg med 3-0. Og å bli kåra til den mest verdifulle spelaren gjorde det ekstra kjekt, seier Lunde nøgd etter at meisterskapet er over.