25 fartsbøter

og éin mista lappen i Isvik.


Politiet sanka inn godt med pengar til statskassa under ein fartskontroll i 60-sona på E134 i Isvik onsdag kveld. Heile 25 forenkla førelegg blei skrive ut på knappe tre timar. I tillegg måtte éin sjåfør konstatera at lappen blei inndrege etter å ha blitt målt til ein fart på 87 km/t. Fartsoverskridinga resulterte også i anmeldelse, melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund. Kontrollen blei halde frå kl. 19.50 til 22.40.