Onsdag vil Ap sin statsministerkandidat besøka Haugalandet. Rådgjevar for Jonas Gahr Støre, Camilla Ryste opplyser til Grannar at reisa er planlagt etter innspel frå folk som fylgjer han på Facebook.
— Gahr Støre la ut ei melding om reisa der han bad om forslag til stader han kunne besøka og det kom inn rundt 350 forslag, fortel Ryste.
Turen i distriktet startar i Haugesund onsdag, før delegasjonen drar til Sauda. Om ettermiddagen blir det stopp hos Omega AS i Ølensvåg før Ap-leiaren køyrer til Skånevik.
I Skånevik er det lagt opp til ei ope møte onsdag kveld om korleis saman skapa framtidas arbeidsplassar. Det er hotellsjef Inger Karin Larsen som kom med forslag til Ap-leiaren om å legga turen til bygda.
Gahr Støre overnattar på hotellet før han neste dag drar til Husnes og Ølve i Kvinnherad, og deretter til Voss.