Fleire smell i Vikedal

Onsdag ettermiddag reiste ein patrulje frå Etne og Vindafjord lensmannskontor til Vikedal for å undersøke fleire meldingar om smell i bygda sei siste dagane. Tidlegare på dagen var det meldt om at det var observert ungdommar i samband med ein ny smell, og politiet ville leite etter dei. — Om nokon veit noko om smella ønskjer me kontakt med dei, slik at men kan få ein slutt på dette, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.