Norskregistrerte bussar- og minibussar må ha installert ein alkolås innan nyttår.
ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Norskregistrerte bussar- og minibussar må ha installert ein alkolås innan nyttår. ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN

Følg bussen med app

Busselskapet Kolumbus har lansert eit sanntidskart som gjer det mogeleg å sjå nøyaktig kor bussen er. Kloumbus sin sanntidsapp har allereie gjort kvardagen enklare for mange og nærare 40.000 ulike brukarar har den siste månaden nytta seg av appen, melder selskapet.

Nå gjer dei det enda enklare og lanserer eit sanntidskart som gir deg høve til å sjå nøyaktig kor bussen er og når den kjem til haldeplassen.

Prikkane som representerer kvar enkelt buss, bevegar seg i takt med verkelegheitas bussar. Med ein gong ein buss startar, dukkar den opp på kartet. Når sjåføren skrur på sanntidssystemet i bussen dukkar også bussens ruter opp på kartet.