For første gong i Noreg: Habronyx nigricornis.
FOTO: HÅKON HARALDSEIDE
For første gong i Noreg: Habronyx nigricornis. FOTO: HÅKON HARALDSEIDEBilde 1 av 2
Habronyx nigricornis

FOTO: HÅKON HARALDSEID
Habronyx nigricornis FOTO: HÅKON HARALDSEIDBilde 2 av 2

Første gong i Noreg

Eit aliensliknande lite vesen er oppdaga og identifisert i Vikedal.

Det er Karmøy-mannen Håkon Haraldseid som står bak funnet av det som viser seg å vera eit svært sjeldan insekt.

Første registrerte

— Eg fekk tips om at Oppsalsneset i Vikedal var ein plass eg måtte leita etter insekt. I fjor sommar besøkte eg området og samla inn fleire. Og nå viser det seg at eitt av insekta aldri har vore funne i Noreg tidlegare, seier Haraldseid til Grannar.

Vesenet det er snakk om er ein snylteveps med det latinske namnet Habronyx nigricornis. Les meir om arten her.

Insekt-hobby

Haraldseid fortel at han har innsamling, identifisering av insekt som hobby. Han kom sjølv fram til kva han hadde oppdaga, men for å vera på den heilt sikre sida, fekk han ein ekspert til å verifisera funnet før det blei publisert.