Kenneth Karlsen (Frp) meiner nyhenda om at skatten i Etne aukar utan at politikarane er informert vitnar om systemet rundt eigedomsskatt ikkje er godt nok.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Kenneth Karlsen (Frp) meiner nyhenda om at skatten i Etne aukar utan at politikarane er informert vitnar om systemet rundt eigedomsskatt ikkje er godt nok. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOENBilde 1 av 2
Avtroppande Etne-ordførar Siri Klokkerstuen er provosert over forslaget som fråta kommunane kraftinntekter.
ARKIVFOTO
Avtroppande Etne-ordførar Siri Klokkerstuen er provosert over forslaget som fråta kommunane kraftinntekter. ARKIVFOTOBilde 2 av 2

Kritiserer ordføraren

Gruppeleiar Kenneth Karlsen (Frp) er ikkje nøgd med måten Etne-ordførar Siri Klokkerstuen (Ap) har handsama ein interpellasjon om pleie- og omsorgstenesta i kommunen.

Det var i forkant av kommunestyret i desember at Etne Frp ved gruppeleiar stilte ei rekke spørsmål knytt til omorganiseringa av pleie- og omsorgstenesta i kommunen. Det er den komande tenestestandarden, som snart skal opp til politisk handsaming, Frp er særleg opptatt av. Og spesielt kva kvalitet på nattevakt-tenesta knytt til Skånevik omsorgssenter skal ha. Dei kravde skriftlege svar, noko dei ikkje har fått. Men ordføraren gav munnlege svar.

Dagens politiske reglement for Etne kommune seier ikkje noko om krav til skriftlegheit, men ein har likevel hatt for vane at ordføraren likevel svarar skriftleg.

— Me finn det veldig graverande at ikkje ordføraren har gitt kommunestyret skriftleg svar på interpellasjonen, seier Karlsen.

Han meiner at det bør føreligge eit skriftleg svar, når dette blir lest opp munnleg i kommunestyret.

Seks dagar etter kommunestyret ba han ordføraren om skriftleg svar.

— Me har purra to gonger seinare utan eingong å få svar, seier han.

No har Etne Frp gjeve ordføraren frist til i dag med å kome med skriftleg svar.

— Viktig verktøy

Frp fekk i kommunestyret 15. desember kritikk frå Aps kommunestyrerepresentant Tollef Rullestad for å ta i bruk interpellasjon-instituttet i saka. Jostein Osnes (V) tok då til motmæla og presiserte at interpellasjon var eit viktig verktøy for å få belyst vesentlege spørsmål.

Karlsen seier til Grannar at dei sannsynlegvis vil bruke interpellasjon som eit verktøy også seinare.

— Spesielt når vi ikkje lenger har eit politisk samarbeid mellom Ap, KrF og Frp, og vi no er ute i kulda sånn sett, er det naturleg for oss, påpeikar han.

Ordførar Siri Klokkerstuen lovar at Kenneth Karlsen (Frp) skal få skriftleg svar. At det har drege ut i tid seier ho har samanheng med at ho oppfatta at både Karlsen og kommunestyret aksepterte det munnlege svaret som blei gitt i kommunestyret 15. desember.

— Det vart presisert på møtet at det gjekk an å be om å få eit skriftleg svar i ettertid, men det skjedde ikkje. Tvert om takka Kenneth Karlsen for god informasjon etter at vi hadde hatt ordskifte om dette i kommunestyret, seier ho.

Klokkerstuen peikar elles på at interpellasjonen kom seint, klokka 23.30 fredagen før kommunestyret som fann stad torsdag 15. desember.

— Det er rett nok innan fristen Etne kommune i dag har for interpellasjonar, som er tre verkedagar. Men det er veldig kort tid til å kunne gi kommunestyret utfyllande svar i ei så kompleks sak som drifta av pleie- og omsorg er, meiner ho.

Ønskjer revisjon

Ordføraren seier at ho som følgje av saka vil ta til orde for at ein bør revidere det kommunale reglementet, og legge til grunn ein frist på éi veke, som ho peikar på er vanleg i mange andre kommunar.

Ho viser også til at kravet til interpellasjon er at den skal ta opp prinsipielle spørsmål, medan ho meiner denne interpellasjonen i større grad tek opp grunngitte spørsmål som går meir på driftsmessige høve ved pleie- og omsorgstenesta i kommunen.

— Eg vil likevel å ha ei positiv tilnærming til dette, og svare skriftleg på dette, presiserer ho.

— Korleis ser du på interpellasjon som eit politisk verktøy?

— Interpellasjon er ein fin moglegheit, spesielt for opposisjonspartia for å få fokus på politikken. Det gir rom for litt meir levande politisk aktivitet, og det er bra, seier ho.

GRANNER RETTER: I papiravis-versjonen av denne saka, i utgåva torsdag 2. februar, står det at det var Ap sin gruppeleiar Alf Ove Nilsen som kritiserte Frp for å kome med interpellasjonen. Det er feil. Det var det Ap sin kommunestyre-representant Tollef Rullestad som gjorde. Grannar beklagar feilen.