Det er mogeleg å gå på ski til Olalia sjølv om det er lite snø i løypene enkelte stader. Biletet er frå januar. 
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Det er mogeleg å gå på ski til Olalia sjølv om det er lite snø i løypene enkelte stader. Biletet er frå januar. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Lite snø på Olalia

Olalia fjellstove har ope heile veka i vinterferien.

Olalia fjellstove vil vera open og betjent heile veka i vinterferien. Kafeen er open kvar dag og det er høve til overnatting.

— Olalia har ope til og med neste søndag og folk treng ikkje bestilla overnatting på førehand. Det er berre å ta turen, seier Rolf Erik Svanberg i Haugesund Turistforeining og ynskjer friluftsfolk velkomne til fjells.

Søndag vart det køyrt opp løyper frå parkeringsplassen på Opheim og inn til fjellstova, men i dag ser det ikkje så lovande ut for skifolket. Det er lite snø i løypa og vêrutsiktene for dei komande dagane er svært usikre.

Tysdag er det meldt om både snø og regn, og gradestokken ser ut til å halda seg på plussida. På torsdag er det meldt om litt snø og nokre få minusgrader og fram mot helga skiftar temperaturen mellom pluss og minus.