Foto: Grethe Hopland Ravn
Ap-leiar Jonas Gahr Støre i samtale med kveldens yngste i salen. 14 år gamle Inga Hedvig Voster Vannes. Foto: Grethe Hopland Ravn

I prat med Støre

14 år gamle Inga Hedvig Voster Vannes var ein av over 100 som møtte til folkemøte i Skånevik, då leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre kom på besøk onsdag.

Dagleg leiar ved Skånevik Fjordhotell, Inger Karin Larsen kan opplysa om at det var sett fram over 100 stolar til folk som ville få med seg folkemøtet med Arbeidarpartiet sin leiar Jonas Gahr Støre onsdag. Tema for kvelden var kva ein skal leva av i framtida, og for 14 år gamle Inga Hedvig Voster Vannes var dette eit spennande møte.

— Eg synest heile kvelden var lærerik og det var spennande å høyra på både Støre og dei andre som fekk ordet. Kva arbeidsplassar som er viktige for framtida, og korleis ein kan halda på dei arbeidsplassane ein allereie har, var informativt, seier ho.

Les meir i måndagsutgåva