Tour des Fjords passerte Etne 1. september på etappen Stord-Odda i fjor. I år er rittet flytta til våren, og rittet passerer Grannar-distriktet 26. mai, då på ein etappe frå Odda til Haugesund.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Tour des Fjords passerte Etne 1. september på etappen Stord-Odda i fjor. I år er rittet flytta til våren, og rittet passerer Grannar-distriktet 26. mai, då på ein etappe frå Odda til Haugesund. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Proffane kjem

Det blir sykkelfest i Grannar-distriktet når Tour des Fjords passerer 26. mai.

For femte gong arrangeras Tour des Fjords, som no er eit av dei største internasjonale sykkelritta i Noreg.

LES OGSÅ: Eitt døgn etter Tour des Fjords kom raset

LES OGSÅ: Suste gjennom bygdene

Rittet går over 5 dagar, og det er etappe 3, frå Odda til Haugesund, som passerer gjennom Etne og Vindafjord dagen etter Kristi Himmelfartsdag.

Etne og Vindafjord

Rittet vil ifølgje ei pressemelding gå gjennom Etne, Ølen og Sandeid før ryttarar frå inn- og utland tar kursen ut mot Haugesund kor det blir målgang på Raglamyr. Ein vurderer også å legge ei sløyfe om Skudeneshavn, men det er ikkje avklart.

Ifølgje ei ringverknadsstudie frå Econ såg 93.000 tilskodarar rittet langs løypa i fjor. 60.000 av desse under den solrike avslutninga i Stavanger/Sandnes som også i år blir målgang for siste etappe.

Direktesending

TV2, med utekøyrande reporter Dag Otto Lauritzen skal også i år dekke rittet med fleire timar med direktesending kvar dag, heiter det i ei pressemelding.

Etappe 1, 24. mai: Balestrand – Førde.

Etappe 2, 25. mai: Gulen – Norheimsund.

Etappe 3, 26. mai: Odda – Etne – Ølen- Sandeid – Haugesund.

Etappe 4, 27. mai: Stavanger – Randaberg – Kongeparken – Sandnes.

Etappe 5: 28. mai: Stavanger – Klepp – Bryne – Sola – Stavanger.