Kristoffer Haraldseid valde likevel å forlenga med FKH og er klar for tre nye sesongar i den kvite drakta.
Foto: FK Haugesund
Kristoffer Haraldseid valde likevel å forlenga med FKH og er klar for tre nye sesongar i den kvite drakta. Foto: FK Haugesund

Signerte for FKH

Vatsbuen Kristoffer Haraldseid (23) vil likevel spela for tippeligaklubben FK Haugesund i komande sesong. Han avlyser dermed jakta på ein ny klubb.

Det er FKH som sjølv melder om kontrakten på si heimeside torsdag morgon. Då hadde Haraldseid nett signert ein avtale som strekkjer seg over tre nye sesongar, fram til 2020.

Den 23 år gamle forsvarsspelaren frå Vindafjord har vore «arbeidslaus» sidan nyttår då kontrakten med eliteserieklubben i Haugesund gjekk ut. Han signaliserte at han såg for seg nye utfordringar og jakta kontrakt med ein større klubb, helst i utlandet. Då det internasjonale overgangsvindauga blei stengt ved utgangen av januar, var Haraldseid framleis klubblaus. Dei siste vekene har han trena med FKH.

At han nå vel å forlenga med FKH, er eit stort pluss for klubben i Haugesund som kom på fjerde plass i fjor og har store ambisjonar om å hevda i toppen også komande sesong.

Kristoffer Haraldseid debuterte for FKH i seriekamp borte mot Vålerenga 27. august 2011 og har 143 offisielle kampar i FKH-drakta. Han hadde tidlegare spela for moderklubben SK Vats 94 og Skjold. I tillegg har han mange kampar på aldersbestemte landslag.

I FKH er gleda stor over signeringa.

— Det er svært gledeleg at Kristoffer har bestemt seg for å bli verande då me aldri har lagt skjul på at me har ønskt å ha han med vidare. Kristoffer held eit høgt nivå og me veit akkurat kva me får med denne signeringen, seier FKH-trenar Erik Horneland til fkh.no.