To fekk reaksjonar

Utrykkingspolitiet kontrollerte 66 bilførarar i Etne mellom klokka 10 og 11 fredag. Ingen køyrde med rus, men ein sjåfør vart meldt for køyring utan gyldig førarkort, og ein fekk gebyr som følgje av å køyre bil med dekk som hadde mønsterdjupne under tre millimeter. Det melder Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund. I løpet av dagen blei det også utført promillekontrollar, først i Etne rundt kl 05 om morgonen, og noko seinare i Sandeid, utan at det kom reaksjonar frå politiet si side, melder lensmannen i Etne og Vindafjord.