Av vegen med stein

Hengaren til eit vogntog som var på veg til Etne lasta med stein, kom utafor vegskuldra på E134 aust på Liaheia i Vindafjord ved 9-tida måndag morgon. Lasta forskuva seg og deler av den hamna i vegbanen.  — Eit køyrefelt var open, så me klarte å dirigere trafikken greitt forbi, og køyretøyet kom vegen att ganske raskt, opplyser lensmann Ingvar Gjerde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Ingen kom til skade i hendinga.