Fann mange manglar

738 køyretøy gjennom automatisk skiltkontroll.


Statens vegvesen sine fire kontrollørar fann ei titals manglar under ein trafikkontroll ved Eikalandsmyrane i Vats og Etne sundag ettermiddag og kveld. 738 køyetøy blei kontrollerte ved hjelp av automatisk skiltkontroll og ti bilar blei stansa for nøyare sjekk. To sjåførar fekk skriftlege manglar, éin fekk bruksforbod på grunn av manglande hovudlys og to fekk skriftlege manglar. Det blei gitt fem krav om utbetringar og tre av desse køyretøya blei avskilta. Éin ordna opp feilen på staden, medan den siste unnlét å stoppa. I tillegg blei to sjåførar anmeldt for manglande rett til å køyra bilen og éin fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletid.