Karmøybedrifta Marine Aluminium AS har mellom anna levert verdas lengste og mest avanserte teleskopbru, som ble installert på «Edda Fortis». Brua vart produsert hos Marine Aluminium si avdeling på Stord og Westcon Power & Automation, som har hovudkontor i Ølensvåg, sto for elektroinstallasjonen.
No blir samarbeidet mellom dei to verksemdene utvikla vidare gjennom ein rammeavtale, heiter det i ei pressemelding.
— Me ser fram til å bidra med vår kompetanse og kunnskap ved å levere framtidas automasjon- og elektroløysingar inn i Marine Aluminium sine gangbruer og helikopterdekk, seier Frode Skaar, leiar for sal og forretningsutvikling i Westcon Power & Automation.
Avtala gjeld i to år med mogelegheit for eitt års forlenging.