Køyrde ned skilt og gjerde

Mistanke om promille i Skjold.


Politiet fekk like over midtnatt natt til sundag melding om ei utforkøyring på vegen mot Toraneset i Skjold. Ein bil hadde køyrt ned eit trafikkskilt og inn i eit gjerde. Førar blei sendt til legesjekk og er anmeldt av politiet for køyring i ruspåverka tilstand, opplyser operasjonsleiar Norunn Byrknes ved Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund.