Skal gjennomføra 38 konsertar saman med det amerikanske superbandet.

Kvelertak er klare for 38 konsertar saman med Metallica. Turneen startar i september 2017 og skal vare fram til mai 2018. Arkivfoto

38 konsertar med Metallica

Når Metallica startar verdsturneen sin i september, tar dei med Kvelertak som oppvarmingsband på heile turneen. Det blir noko av det største bandet, med to lokale medlemmar, har vore med på.

av Grethe Hopland Ravn

Fakta om Metallica

Stifta av James Hetfield og Lars Ulrich i Los Angeles i 1981, held i dag til i sitt eige studio i San Rafael utanfor San Francisco

Metallica har vunne åtte Grammy-priser, og blei innlemma i Rock N Roll Hall of Fame i 2009

Metallica har seld over 110 millionar album, og Hardwired...to Self-Destruct selde åleine 800.000 kopier på den første veka den var i sal i november

Metallica, også kjent som The Black Album, har åleine seld 17 millionar kopiar i USA, som gjer det til den mestseljande plata sidan teljesystemet til SoundScan blei introdusert i 1991

Konserten i Telenor Arena blir Metallicas 18. i Noreg, dei har tidlegare spelt i Skedsmohallen, Telenor Arena, Oslo Spektrum, på Valle Hovin og på Koengen i Bergen

Metallica gjekk til 1. plass på VG-lista for første gang i 1992, med Metallica. Sidan den gong har alle deira studioalbum toppa dei norske salslistene

Det er NRK P3.no som melder at Kvelertak skal vera oppvarmingsband når Metallica startar turneen «The WorldWired tour» i september. Turneen varer heilt fram til mai 2018, og nyhenda blei publisert på Metallica sine eigne heimesider. Kvelertak har visst dette i rundt ein månads tid.

at Metallica i det heile tatt har høyrt oss, er meir enn me nokon gong kunne førestilt oss

— Heile gjengen er veldig glade. Me har venta på å få sjå det svart på kvitt, for du trur det ikkje før du får sjå det, uttalar Vidar Landa i Kvelertak, til P3.no og legg til at dette blir det største dei har gjort utan samanlikning

Metallica til Noreg for 18. gong.
Foto: Herring & Herring

Veldig stas

Dette blir ikkje første gong Kvelertak går på scenen saman med Metallica, men det var under heilt andre omstende enn det som ventar no. Vokalist Erlend Hjelvik frå Vikedal har tidlegare uttalt til Grannar at å oppvarma for Metallica har vore eit høgdepunkt, og har ikkje lagt skjul på at dei er store fans av bandet. Vidar Landa uttalar at han nesten ikkje kan setja ord på kor stas det er å bli anerkjent av eit band som Metallica.

— Det er utruleg kult. Berre det at musikken og bandet vårt har nådd så langt at Metallica i det heile tatt har høyrt oss, er meir enn me nokon gong kunne førestilt oss, seier Landa.

No må Kvelertak i første omgang prøva å få setja saman ei set-liste, og det blir ein god del jobbing med lyd som skal passa på store scenar. Dei må nok rekna ein god del førebuingar, og førebels er det sett opp 38 konsertar på turnélista. Bjarte Lund Rolland  frå Etne er i tillegg til Hjelvik, det lokale innslaget i stavangerbaserte Kvelertak.

 

Tysdag 2. mai 2018 kjem Metallica og Kvelertak til Oslo og Telenor Arena.