Klokka 07.24 opplyste operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan ved Sør-Vest politidistrikt i Haugesund at det ikkje er kome meldingar om personskade i samband med denne brannen.
Fekk hjelp av vinden
Brannen fann stad i Lærdal, om lag 100 meter nord for Sandeid fengsel.
Det var vind på staden, men ifølgje fagleiar Eivind Hetland i Etne og Vindafjord brannvesen var vinden til hjelp, då den kom frå ei gunstig retning. Dermed fekk dei nokså enkelt kontroll over brannen som vart stansa ved hjelp av eit brannskille i bygninga.
Det var 5.600 kyllingar i bygningen. Dei har overlevd sjølve brannen, men ved 08.45-tida får Grannar opplyst på staden at dei måtte avlivast likevel. Dette på grunn av røykskadar.
Det har vore kyllingdrift på staden sidan 2005. Det var ikkje fare for spreiing til andre bygningar i området.
Årsaka til brannen er ikkje kjend,
Travelt for brannmannskapa
Brannen var den andre på få timar i Vindafjord natt til sundag. Totalt hadde brannvesenet ute om lag 20 personar, dei same på begge brannane.
— Det gjekk to og ein halv time frå me var ferdige på bustadbrannen i Vats til alarmen gjekk på ny. Det høyrer sjeldanheitane til at me har det så travelt på ei natt, seier fagleiar Eivind Hetland til Grannar.
Politiet melde først at det var eit kyllingklekkeri brannen skjedde i. Det presise er at det er eit kyllingopdrett som leverer slaktekylling.