Det var Marine Harvest sjølv i ei pressemelding fredag som opplyste om den dramatiske situasjonen ved det nye anlegget aust i Etne kommune. Konsernet har varsla Mattilsynet om høg dødlegheit og sjukdom. Prøvar viser at nyklekka yngel er smitta av bakterien Yersinia ruckeri.
Saka er omtalt av fleire nettaviser fredag. iLaks.no skriv at Mattilsynet har godkjent at yngelen, som veg 0,38 gram, kan destruerast, og at Marine Harvest ser svært alvorleg på hendinga.
Selskapet samarbeider nå med fleire laboratorium og forskingsmiljø for å finna årsakssamanhengar og sporing av smitten som har ført til sjukdommen i anleggert, skriv iLaks.
Marine Harvest har ordna leveransar av smolt frå andre anlegg, og melder at sjukdomsutbrotet difor ikkje vil påverka selskapet sin produksjon av setjefisk.