Håvard Nordtveit er klar for meir innsats for Noreg.
ARKIVFOTO
Håvard Nordtveit er klar for meir innsats for Noreg. ARKIVFOTO

Nordtveit i troppen

Håvard Nordtveit var blant dei 24 utvalde i Lars Lagerbäck sin aller første A-landslagstropp i fotball som skal møta Nord-Irland.

Det var knytt stor spenning til Lars Lagerbäck sitt første uttak til det norske landslaget. Den ferske svenske landslagstrenaren står over for ei formidabel oppgåve når han skal prøva å ta A-landslaget til VM-sluttspelet neste år.

West Ham-spelar Håvard Nordtveit frå Vats, har slite benken og fått lite speletid i Premier League i England i vinter. Nå får han ei veke på treningssamling på seg å visa at han fortener plass i startellevaren. Han er blant åtte som er tatt ut til å kjempa om plass på midtbanen. Nordtveit er også aktuell i midtforsvaret, opplyste Lagerbäck på dagens pressekonferanse.

Noreg ligg nest sist på tabellen med tre fattige poeng og er hekta av sjansen til direkte kvalifisering. Å greia andreplass som gir kvalifisering, er målet til den nye landslagssjefen. Første oppgåve er borte mot Nord-Irland sundag 26. mars, ein kamp som går på Windsor Park i Belfast og som Noreg er nøydd til å vinna i det heile å ha ein sjanse til å nå VM-sluttspelet.