Ulykka skjedde i krysset etter at ein bil hadde køyrt ut i forkøyrsvegen E134.
Foto: Arne Frøkedal
Ulykka skjedde i krysset etter at ein bil hadde køyrt ut i forkøyrsvegen E134. Foto: Arne FrøkedalBilde 1 av 2
Den skadde kvinna blei frakta i ambulansehelikopter til Haukeland universitetssjukehus.
Foto: Arne Frøkedal
Den skadde kvinna blei frakta i ambulansehelikopter til Haukeland universitetssjukehus. Foto: Arne FrøkedalBilde 2 av 2

Kvinne alvorleg skada

Trafikkulykke på E134 i Stordalen.

Politiet melder om utrykking til Stordalen i Etne. Det har torsdag føremiddag vore ei trafikkulykke på E134 ved avkøyringa til Skånevik. — Førebels ukjent skadeomfang. Både politi, ambulanse og brannvesen er på veg til staden, opplyser Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund til Grannar like før kl. 11.00.

Også legehelikopter er rekvirert i samband med ulykka, i tillegg til to ambulansebilar. Det er ikkje snakk om front mot front-kollisjon, men skadane på dei to personbilane som var involverte, var relativt store, spesielt på bilen som blei ståande i grøfta på nordsida av vegen, like ved krysset til Skånevik.

Politiet kan førebels ikkje seia noko om personskade.

Det er 80-sone på staden, ei rett strekkje på den nye E134, nokre hundre meter vest for Stordalstunnelen. Det var bar veg då naudetatane kom fram, men det hadde snøa om natta.

Den skadde kvinna blei frakta i ambulansehelikopter til Haukeland universitetssjukehus.
Foto: Arne Frøkedal

Oppdatering kl. 14.30

Det blir meldt om totalt tre personar i dei to køyretøya. Ei kvinne (19) er flydd til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. I ei pressemelding blir det opplyst at pasienten er hardt skadd.

E134 vil vera stengt fram til kl 17.00 i samband med at Statens vegvesen si ulykkesgruppe og politiet føretar undersøkingar på ulykkesstaden, men det blir periodevis passasje når det dannar seg store køar, opplyser politiet.