Tre køyretøy fekk bruksforbod på grunn av mangelfull sikring last under ein kontroll på E134, Eikelandsmyrane i Vats måndag ettermiddag og kveld. 39 køyretøy blei stansa og sjekka i kontrollen i regi av Statens vegvesen. Fem sjåførar fekk skriftleg merknad for manglar og éin sjåfør blei anmeldt for utgått kalibrering på fartsskrivaren. Kontrolen varte frå kl 17.00 til ein halv time over midtnatt.