Trua med kniv

Politiet måtte seint onsdag kveld ty til våpen etter at ein mann i 20-åra i Vindafjord hadde kome med truslar med kniv inne i ein bustad. Mannen blei arrestert av politiet etter eit par timar, frakta til Haugesund og varetekstfengsla. Han vil bli avhøyrt i løpet av torsdagen. Politioverbetjent Arild Austrheim opplyser at sjølve pågripinga gjekk utan dramatikk, men at den fornærma, ei kvinne, hadde opplevd situasjonen svært truande då mannen kom på besøk og tok fram ein kniv. Det var også ein tredjeperson til stade. Politiet vurderte situasjonen så alvorleg at forsterkningar blei tilkalla og måtte bruka lang tid på forhandlingar før det løyste seg utan at nokon kom til skade. Den arresterte er ein «kjenning» av politiet og det skal ha vore rus inne i bildet.