— Ut i frå avhøyr og samtalar med dei som var på staden, har me grunn til å tru at eit uhell knytt til leik med pyroteknisk materiale utanfor bustaden kan vere ei brannårsak, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.
Starta sløkkearbeid
Bebuarane starta sjølv sløkkearbeid med ein gong, men dei måtte gi opp grunna sterk vind som tilførte så mykje oksygen at den var umogeleg å stanse elden.
Også brannvesenet såg raskt at dei berre måtte konsentrere seg om å redde eit reiskapshus og ei driftsbygning, kor det var både mjølkekyr og grisar, då dei kom til staden. Det lukkast dei med, men våningshuset brann ned til grunnen.
Ingen kom til skade
Det var fire personar på staden då brannen oppstod, to vaksne og to ungdommar i tenåra. Alle var vakne då hendinga skjedde, noko som truleg bidrog til at ingen personar kom til skade i brannen som var meld til politiet klokka 00.23. Tre av dei vart for sikkerheits skuld tatt med til sjekk ved Haugesund sjukehus etter å ha pusta inn røyk frå brannen. Det står bra til med alle.
Det vil bli føretatt kriminaltekniske undersøkingar på staden seinare denne veka.