Ulovleg bruk av rakettar

I sentrum av Vikedal vart det natt til fredag igjen meldt om oppskyting av rakettar og knallskot. Slik ulovleg bruk av fyrverkeri har vore eit problem også tidlegare og nå ber lensmann Ingvar Gjærde foreldre om å sjå til at barna deira ikkje får tilgang til fyrverkeri. — Det er berre lov til å skyta opp fyrverkeri på nyttårskvelden etter klokka seks, og etter løyve frå brannvesenet, seier han.