Utforkøyring på Opheim

Ein bil køyrte av E134 på Opheim i Ølen rundt midnatt natt til torsdag. Sjåføren, ein mann i 70-årsladeren frå Etne, blei hent av luftambulanse og frakta til sjukehus i Stavanger, der det viste seg at skadane ikkje så alvorlege som ein først trudde. Politioverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor opplyser at bilen var på veg vestover då den skar ut av vegen like ved avkøyringa til Olalivegen og trefte eit tre på høgre sida av vegen. Politiet kan ikkje seia noko om årsaka og det er ikkje mistanke om promille. Statens vegvesen si ulykkesgruppe var i natt ute på staden for å samla informasjon om ulykka.