Tilsette ved AF Decom Offhore AS la ut lenser og var i full gang med å finne ut kvifor olje rann ut i eit stort betongrøyr som fører ein bekk under anlegget. Foto: Sigbjørn Langhelle
Forureining i september 2013 enda med bot. Tilsette ved AF Decom Offhore AS la ut lenser og var i full gang med å finna ut kvifor olje rann ut i eit stort betongrøyr som fører ein bekk under anlegget. Arkivfoto: Privat

AF Decom vedtar førelegg

AF Gruppen innrømmer feil og godtar ei bot på 750.000 kroner etter eit utslepp i 2013.

Forureininga for vel tre og eit halvt år sidan blei anmeldt til politiet, og etterforskinga enda med at politimeisteren i Sør-Vest nyleg vedtok å bøtlegga selskapet for ei manglande blindflens i ein kum under anlegget på Miljøbase Vats.

Etter ei totalvurdering har AF Gruppen nå valt å betala førelegget.

— Me vedtar førelegget og beklagar at rutinane for vedlikehald av denne kummen ikkje var tilstrekkeleg, uttaler AF Gruppen i ei pressemelding sendt ut fredag.
Selskapet innrømmer at rutinesvikta medførte at overflatevatn ved eitt kjent tilfelle i september 2013 rann utanom reinseanlegget og ut i fjorden.

— Rutinar og vedlikehaldsprogram blei straks gjennomgått og forbetra, og blindflensen blei montert. Det er i etterkant ikkje registrert fleire tilfelle der overflatevatn er leda utanom reinseanlegget, uttaler AF Gruppen.

Ifylgje selskapet blei feilen ved kummen oppdaga då ein lekkasje frå eit dieselaggregat førte til at omlag ti liter diesel rann ned i kummen på anlegget. Då blindflensen ikkje var på plass og røyret for overflatevatn frå denne kummen samtidig var blokkert, blei overflatevatn med noko diesel leda utanom reinseanlegget.

— Hendinga blei meldt til alarmsentralen 110, lenser blei straks lagt ut, kjelda blei funne og lekkasjen stoppa. Miljødirektoratet blei varslet og haldt løpande orientert, heiter det i pressemeldinga der det blir lagt til at:

— Miljødirektoratet si vurdering er at tilstanden i fjorden ikkje er påverka negativt av aktiviteten ved Miljøbase Vats, og den uavhengige miljøovervakinga NIVA har gjennomført ved anlegget har ikkje vist endra verdiar på vasskvaliteten i fjorden verken før eller etter hendinga i 2013.