Nils Åsheim med premien for årets namn.
Nils Åsheim med premien for årets namn.

Eldsjel heidra

Nils Andreas Åsheim (82) blei av Grannar sine lesarar kåra til Årets namn 2016. Det var ein glad og takknemleg vinnar som like før påske fekk den synlege heideren overrekt av redaktør Arne Frøkedal, eit kunstverk laga av Jan Terje Rafdal. Åsheim blei nominert for sin mangeårige innsats for å pynta og stella rundtom i Skånevik sentrum, noko han gjer på eige initiativ. 82-åringen er alt i gang med ei ny dugnadssesong og ser fram til sommar og varme dagar i si vakre heimbygd. Det er ellevte gongen prisen blir delt ut og tidlegare vinnarar frå Skånevik er Inger Karin Larsen, (2007), Kari Johansson (2010) og Chris Jespersen (2013).