Mange bilar blei fredag stansa på E134 i Vindafjord på veg austover.
Foto: Statens vegvesen
Mange bilar blei fredag stansa på E134 i Vindafjord på veg austover. Foto: Statens vegvesen

Fokus på påskeutfarten

Satens vegvesen kontrollerte fredag påskeutfarten på E134 like vest for Ølensvåg. Fokus var på beltebruk, teknisk stand og lastsikring. — Det var mykje fin køyring og blide sjåførar og passasjerar i dei 69 køyretøya som blei stoppa, melder kontrollansvarleg Roy Terje Moen. 1.377 passerte kjøretøy blei registrerte på automatisk skiltavlesing. Av desse fekk seks krav om avregistrering. Éin blei avskilta som følgje av ikkje godkjent periodisk køyretøykontroll og ein annen på grunn av manglande omregistrering. Dei resterande fire fekk ordna opp i forholdet før vidare køyring. Ein siste førar fekk bruksforbod for å ha for tung tilhengar i forhold til det bilen var godkjent for.