Politiet er aktive på vegane i samband med påskeutfarten. I Etne blei det skrive ut to gebyr måndag kveld etter at eit par bilar blei hanka inn på E134. Seinare på kvelden hadde lensmannskontoret ein patrulje i Skånevik for sjekka trafikken og snakka med sjåførar, utan at det var reaksjonar. Heller ikkje merknader var det då UP hadde promillekontroll mellom Ølen og Sandeid tysdag føremiddag etter sjekk av 123 bilistar for promille.