Lars Øvernes var høgt og lågt. Her i duell med lagkamerat Eirik Øverland og målscorar Bjørn Tore Lunde frå Ølen. Foto: Magne Skålnes
Lars Øvernes var høgt og lågt. Her i duell med lagkamerat Eirik Øverland og målscorar Bjørn Tore Lunde frå Ølen. Foto: Magne Skålnes

Ølen vann 2-1

Ølen slo naborival Etne på heimebane fredag kveld i den andre serierunden i 5. divisjon. Vind og sluddbyger sette sitt preg på kampen, spesielt i 1. omgang. Alle måla kom før pause. Sverre Ramsfjell og Bjørn Tore Lunde noterte seg får scoringane til Ølen, medan Etne sitt mål kom på eit sjølvmål.

Lars Øvernes gjorde comeback mellom stengene for Etne, og gjorde sitt til at sigeren ikkje vart større for Ølen.

Ølen står med tre poeng etter to kampar, medan Etne ennå ikkje har notert seg for poeng.

Neste runde får Etne besøk av Stegaberg. Ølen er klar for nok eit nabo-oppgjer, denne gong i Vats mot Vats94/Skjoldar.

Les meir om kampen i måndagens avis.