Mangt å ta bilde av i desse dagar.
Foto: Arne Frøkedal
Mangt å ta bilde av i desse dagar. Foto: Arne Frøkedal

Send oss dine påskebilde

Del dine blinkskot frå påsken med Grannar sine lesarar.

Grannar utfordrar lesarane til å senda inn bilde frå påsken og elles april, enten frå ferien eller frå tur og observasjonar heime.

Naturen har vakna til live, dei første lamma eller kjea er kome på dei grøngledde markene, og fleire blomar spirer og vitnar om at våren er i god gjenge trass relativt kjølige dagar og netter.

Med andre ord: Det er mange gode fotoobjekt å festa til linsa.

Send ditt bidrag på e-post til: foto@grannar.no

Eller SMS til: 975 70 789.

Hugs å gi nokre opplysingar om motiv og namn på fotograf.

Me trekkjer ut tre bidragsytarar som kvar får fem Flaxlodd.