Klokka 02.13 natt til søndag kom ein politipatrulje over ein bil som sto parkert midt i vegen med motoren i gang i Etne. Bilføraren i 30-åra hadde sovna bak rattet og var overstadig rusa. Han er mistenkt for å ha køyrt i alkoholpåverka tilstand, og nødvendige prøvar er tatt. Føraren kunne heller ikkje visa fram gyldig førarkort. For 30-åringen vil dette få etterspel, melder politiet.