To fekk reaksjonar

Fredag kveld frå 18.35 og i ein time framover hadde politiet trafikkontroll på fylkesveg 46 i Sandeid. Her blei 11 bilar konfrontert og det blei utskrive eit gebyr for manglande bilbelte, i tillegg til ein mangellapp, melder operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Haugesund.