Ei kvinne i 60-åra tok bilen ho køyrde på ein ufrivillig tur som enda i eit epletre i nærleiken av Ølen omsorgssenter i 10-tida onsdag. — Ho har bomma på gass- og bremsepedalen, og då bar det utfor ein kant på halvannan meter, og bilen hamna i eit epletre. Kvinna berga seg sjølv, men skada bilen og køyrde ned ein lyktestolpe på ferda. Sak blir oppretta, fortel lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.