Daniel Holten frå NMK Vikedal køyrde inn til siger i rallycross i sesongopninga i Vestlandsmeisterskapet på Vikedal Motorbane. Foto: Holten Media.
Daniel Holten frå NMK Vikedal køyrde inn til siger i rallycross i sesongopninga i Vestlandsmeisterskapet på Vikedal Motorbane. Foto: Holten Media.Bilde 1 av 2
Tre bestetider og til topps i finalen for Daniel Holten i ein Ford Fiesta. Denne bilen køyrde han også i fjor. Foto: Holten Media
Tre bestetider og til topps i finalen for Daniel Holten i ein Ford Fiesta. Denne bilen køyrde han også i fjor. Foto: Holten MediaBilde 2 av 2

Tok første runde

Daniel Holten var aller best i den første runden i Vestlandsmeisterskapet i rallycross.

Sesongopninga på motorbanen i Vikedal på laurdag var det første løpet av fire i kampen om plassane i Vestlandsmeisterskapet. Daniel Holten frå NMK Vikedal var godt nøgd med å plassere seg på topp i det første rallycrossløpet i år.

Tre bestetider i dei innleiande rundane og siger i finalen er ein god fasit etter starten på årets sesong.

 NM neste

— Håpet var at alt skulle fungere slik at vi fullt ut kunne konsentrere oss om køyringa og oppsett på bilen. Det gjorde det, og vi fekk jobba ein del med innstillingane på bilen både på vått og tørt underlag, seier Holten.

Om to veker er det første løpet i NM på Gardemoen, og det ser han fram til.

— Eg vart nummer to i fjor, så målet må jo vere å gjere det endå betre, seier Holten til Grannar om ambisjonane for årets NM.