Politiet gjennomførte ein fartskontroll på E134 ved Knapphus fredag kveld. Frå klokka 20.15 og dei to neste timane bidrog lasermåling til at det vart skrive ut 10 forenkla førelegg. Høgaste fart var 77 kilometer i timen i 60-sona, får Grannar opplyst av operasjonsleiar Trond Børge Åsbu ved Sør-Vest Politidistrikt i Haugesund.
Litt seinare på kvelden, rundt midnatt, målte politiet gjennomsnittsfarta til ein bil som køyrde i ei 60-sone mellom Ølen og Etne til 72 kilometer i timen. Dermed vart det skrive ut nok eit forenkla førelegg til inntekt for statskassa.