152 km/t i 80-sone

Ein mann i 40-åra frå Sauda må sone 18 dagar i fengsel, og han må klare seg 20 månader utan førarkort etter at Utrykkingspolitiet målte motorsykkelen han køyrde til å halde ei fart på heile 152 kilometer i timen i ei 80-sone i Skjold i oktober i fjor.

Dommen omfattar også eit forhold frå januar 2016, då han køyrde frå bensinstasjonen på Knapphus utan å betale ei drivstoffrekning på 300 kroner. Mannen forklarte i retten at han hadde til hensikt å betale for seg, men at det likevel ikkje vart gjort. Han er dømd til å betale 300 kroner til Knapphus bensinstasjon AS.

Retten finn det formildande at han har gitt full tilståing for begge forhold i retten, men at den høge farta på motorsykkelen er skjerpande.