Fin i farten

Politiet hadde ein fartskontroll på E134 i Ølensvåg som starta klokka seks på morgonkvisten i dag. I alt 47 bilar vart kontrollerte, og ingen av dei køyrde for fort, opplyser lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.