Kristoffer Grønstad sørga for tre poeng til Etne med skoring i kampen mot Torvastad. Arkivfoto: Magne Skålnes
Kristoffer Grønstad sørga for tre poeng til Etne med skoring i kampen mot Torvastad. Arkivfoto: Magne Skålnes

Endeleg siger til Etne

I den fjerde seriekampen kunne endeleg Etne juble for siger, og det endåtil på bortebane. Etne heldt nullen mot Torvastad, og Kristoffer Grønstad si eine skoring frå første omgang vart den einaste i kampen. Dei tre poenga fører Etne over streken, poenget bak Ølen.
Ølen på si side hadde ikkje marginane med seg heime mot Vedavåg Karmøy. Bortelaget leia 0-1 til pause, og auka til både to og tre mål etter kvilen. Bjørn Tore Lunde reduserte til 1-3 etter ca 75 minutt, men Vedavåg auka seinare til 1-4 som vart resultatet.

Les meir om kampane i måndagens avis.