Ny 17.mai-talar

Programendring i Ølen.


I måndagens Grannar er årets 17.mai-program annonsert, og for Ølen er det kunngjort at Terje Halleland skal vera hovudtalar. No melder arrangørkomiteen at Frp-politikaren ikkje skal vera hovudtalar likevel. Dermed er det Merete Vårvik Matre som tar på seg oppdraget.