Etne vann mot Sauda

Vats 94/Skjoldar frå Karmøy utan poeng.


Etne tok sin tredje strake siger i 5. divisjon då dei slo Sauda 3-1 borte torsdag kveld. Det stod 1-1 til pause, etter at Thomas Lien hadde skåra for bortelaget. I andre omgang sikra Etne sigeren etter mål av Kristoffer Grønstad og Erling Bjarte Rullestad.

Vats 94/Skjoldar fekk det ikkje like enkelt borte mot Åkra 2. Det stod 3-0 til heimelaget ved pause. Ein noko jamnare andreomgang resulterte i eitt mål til kvart lag. Vats 94/Skjoldar si redusering ved Ørjan Grunnaleite fastsette sluttresultatet til 4-1.

Eit par andre kampar er òg spelte torsdag kveld. Nord -Skudenes 0-1 og Leirvik Ballklubb – Haugar 0-8.
Etne har no verkeleg gjort eit byks oppover på tabellen. Laget står nå med 9 poeng på ein 7. plass, og har nå fire poengs forsprang på Vats 94/Skjoldar og Ølen.

Ølen spelar borte mot Stegaberg fredag kveld.

Les meir om kampane i måndagens avis.

Tabell 5. divisjon avd. 04

    Kampar Poeng
1 Haugar 7 19
2 Skudenes 7 14
3 Vedavåg Karmøy 5 13
4 Hemmingstad 6 12
5 Åkra 2 7 12
6 Nord 7 10
7 Etne 6 9
8 Leirvik Ballklubb 7 9
9 Stegaberg 6 8
10 Torvastad 6 7
11 Vats 94 / Skjoldar 6 5
12 Ølen 5 5
13 Kopervik 2 6 3
14 Sauda 7 0